
Lars Eriksen Brendefur, &laqno;gamle-Brendefuren» (1782-1878), Hornindal.
Lars låg ute i krigen 1807-14 og var med i Smålenene. Han spelte fleire gongar for prins Kristian August av Augustenborg og tente mange pengar. Då han kom heim igjen, kjøpte han halve garden for 400 specidaler (&laqno;Ættelister for kvar gard i bygda»). Lars var dessutan tambur i Bataljonsmusikken, og tromma hans heng i Rikssalen på Eidsvoll.
Lise Jyvall (1791-1873), Stryn.
Lise Jyvall frå Markane var av Maurset-slekt, og ho var ein kjend og akta bryllaupsspelemann. &laqno;Ho reid til hest og spela til bryllaups, og gjorde full betening som spelemann», skreiv Rolv Myklebust i 1963. Lise kom frå nabogarden til Margrete Maurset (1790-1888), felespelar og mor til storspelemannen Magne Maurset (1824-1916).
Sivert H. Geitvik skriv om Lise (1952): &laqno;So er det Lise Jyvall, den to år yngre grannejenta til Margrete - ho var gift til Dybevold eller Jyvall som vi seier her. Om Lise Jyvall heiter det at ho sat på hesteryggen og spela brudefylgje til kyrkja. Ho kom ridande over Tverrfjellet, den vanlege vegen den tida millom Markane og kyrkjestaden i Stryn. Dette skal Jens Maurseth ha fortalt etter Magne. Når Lise Jyvall spela i bryllaup hadde ho barnet sitt liggjande i koven. So var det andre som såg etter barnet medan ho sjølv spela. Skautet som ho brukte i bryllaupa er gøymt som arvegods etter døtrer som var gifte til Stryn. Sylvtomlingen hennar er på Sunde. Eg hev sjølv sett han der.»
Marte Bjørdal, &laqno;Bø-Mari» (f. Støverstein), (1797-1885), Hornindal.
Mari skal vere komponisten bak &laqno;Bø-Mari-marsjen», ein kjend og mykje brukt bruremarsj. Denne spelkvinna var gjerne kalla Bø-Mari, fordi ho var busett på Bø-plassen på Støverstein. Elles også kalla Mari i Lidene. Mari var svigerinne med Margrete Maurset som var mor til Magne Maurset. Mari og Margrete skal ha spela mykje ilag. Sivert H. Geitvik skriv mellom anna: &laqno;Stundom drog Margrete og Lise til Bø-Mari på Støverstein og då vart det mykje spel».
Samuline Seljeset (f. Muldsvor), (1804-72), Hornindal.
Samuline vert særleg sett i samband med Samulinespringaren, ein drivande springar som har vore svært mykje brukt som danseslått. Det vert sagt at ho spela springaren for Loms-Jakup ein gong han kom innom på Seljeset. Han kan neppe ha visst kven ho var, då han lova henne sjølvaste &laqno;Storeplagget» sitt, om ho kunne spele han ein god springar på fela som hang på veggen. Samuline spela, og plagget vart hennar. Samuline var ikkje den einaste jenta i familien som trakterte fela. Systrene Synneve og Ingeborg var også felespelarar.
Sigrid Mathisdatter Bolstad (1814-92), Stryn.
Blinde-Sigrid, eller Blind-Siri, er eit namn som har vore omtala og knytt til nokre av slåttane som finst i Hornindal, Stryn og Skjåk. I ein artikkel i avisa &laqno;Fjordingen» i 1949 vart ho omtala i samband med ei soge om ei nystove i Oldedalen, som skulle &laqno;hansast». Det var vanleg at nye hus skulle hansast med dans, før dei vart tekne i bruk. Vi siterer frå artikkelen: &laqno;Ei blind jente skulle spela i Brigsdal, Blind-Sigrid dei kalla. Arne Aabrekk bar henne på ryggen frå Aabrekk til Brigsdal. Ho var fødd på Skåre i Oppstryn». I følgje &laqno;Slåtter for vanlig fele» skal Jon Fridtun ha opplyst at denne nystova vart bygd i 1844, og turen frå Oppstryn omfatta to båtskyssar, minst to hesteskyssar og altså siste biten i ei korg på ein mannsrygg. Fridtun har påvist at denne ettertrakta spelkvinna høgst truleg må ha vore Sigrid Mathisdatter Bolstad, eldste systra til spelemannen Per M. Bolstad. Dette kan stemme med at Blind-Siri sitt namn oftast vert sett i samband med Bolstad-slåttar i Nordfjord.
Lukris Vik (f. Kirkhorn), (1844-1932), Hornindal.
Lukris Vik vart i daglegtale kalla Lukris Kjøs eller helst &laqno;Lukris i Båtevikjene». Lukris bar jentenamnet Lukris Fredriksdatter Kirkhorn. Ho gifte seg med Rasmus Bottolvsen Holmøyvik. Dei rydda seg eit gardsbruk i Kjøs krins som dei kalla &laqno;Båtvikja», og tok etternamnet Vik. Lukris fekk mange barn. Ho vart mellom anna mor til felespelarane Rasmus og Fredrik. Rasmus Vik vart spelemann og ei viktig drivkraft i musikkmiljøet i heimbygda. Fredrik vart musikkprofessor i Amerika og tok etternamnet Wick. Lukris var sjølv svært musikalsk, og flink til å tralle springarar. Det vert for øvrig fortalt at ho var ei av dei som skal ha sett den legendariske spelemannen Blinde-Rasmus i levande live. Det skal ha vore medan ho var lita jente. Ho kunne hugse at dei for leiande over tunet på garden Kirkhorn med den gamle spelemannen. Blinde-Rasmus er kjend mellom anna som kjelde til storspelemennene Kroka-Lars (1807-1889) og Magne Maurset (1824-1916), og skal ha site inne med god kjennskap til diverse &laqno;kunstar», eller overnaturlege fenomen.
Ola Kjellstad, &laqno;Føkhaug-Ola» (1854-1944), Sunnylven.
Det har vore mykje musikalsk samkvem over fylkesgrensa. Honndalsspelemennene og &laqno;Kjellstad-karane», brørne Ola og Ivar (1868-1914), møttest ofte og utveksla slåttar. Ola komponerte mange slåttar sjølv, deriblant &laqno;Kjellstadhallingen» og &laqno;Lisjehallingen». Både honndølen Lars Hjellbakk og Jon Rosenlid frå Fjelli har sørga for at både desse og andre slåtte-perler etter &laqno;Kjellstad-karane» er blitt vidareførde. Desse slåttane er også i dag ein naturleg del av slåtterepertoaret til nordfjordingane.
Sivert H. Geitvik skriv i boka Spelemenn: &laqno;Han trødde takta med båe føtene og det kom eit velde og eit invendes bulder i spelet som var ukjent for meg. Ingen kan handsama fela med større varsemd enn Ola Kjelstad, men slik har det likevel skikka seg. For fyrste gong tok eg til å skyna kva det hev vore det gamle slåttespelet!»
John Rasmusson Øvreeide, &laqno;Jo Øvreeide», (1859-1925), Stryn.
Han vart helst kalla &laqno;Jo Øvreeide». Rolf Myklebust skriv om denne spelemannen: &laqno;John hadde ein føremon framfor dei fleste spelemenn på den tid; han kunne notar og laga understemme til slåttar i samspel. John Øvreeide og John Bolstad skulle vere dei første i Nordfjord som spelte tostemt slåttemusikk med improvisert understemme».
Jens Maurseth (1863-1932), Stryn.
Jens Maurseth er den eldste spelemannen det finst opptak med i Nordfjord. Innspelingane er også dei eldste, fonografopptak frå 1921. Spelemannen og fotografen Jens Maurseth budde på Tonning i Stryn sentrum. Han hadde gått i spellære både hjå Magne Maurset og Per M. Bolstad (1833-1910). Han skal også i yngre år ha spela ilag med Ivar Kjellstad. Jens Maurseth spelte både vanleg fele og hardingfele. Rolf Myklebust karakteriserer han slik: &laqno;Det var slikt liv over spelet hans at det var ofseleg. Musikken fossa fram, mannen var eitt med fela og bogen og trampa takten med tå og hel på begge beina. Det var ei taktmarkering og ein rytme i det myndige spelet som reiv meg med. Han var spelemann og ungkar, Jens Maurseth».

Lars Thomasgaard, &laqno;gamle-Lars Thomasgaard», (1864-1946), Hornindal.
Lars Thomasgaard var kanskje den mest aktive av alle spelemennene i Hornindal kring århundreskiftet. Han gjekk tidleg over til hardingfele. &laqno;Lars Thomasgaard var vel den første, han bygde tyskfela si om til hardingfele» (Myklebust 1963). Lars var far til Leif Thomasgaard, som har bidrege med mange innspelingar av slåttar. Lars var også ein viktig formidlar av slåttar til sine syskenbarn, Hjellbakk-karane. Felespelet var nok viktig for Lars. Rolf Myklebust fortel i &laqno;50 år med folkemusikk» at han var heime hos Lars og skreiv ned slåttar kort tid før han døde. Då skulle Lars ha sagt: &laqno;Når det kjem ein kar på vitjing og eg set med fela, og han ikkje vil høyre ein tone, ja, då æ det ein tørre kar».
Hans O. Holmøyvik (1876-1955), Eid.
Hans O. Holmøyvik budde i Holmøyvik ved Hornindalsvatnet, tidlegare ein del av Hornindal kommune, no Eid kommune. Han var særleg nytta som spelemann i ei lang rekkje bryllaup kring om i Hornindal og nabobygdene. Kven han har lært å spele av, er uvisst. Men han har tydelegvis fått inspirasjon og påverknad også utanom Nordfjord. Mellom anna spela han Lomsvogga, fortel Harald P. Holmøyvik (84).
Oline Nygård f. Seljeset, &laqno;Knut-Olina», (1884-1974), Hornindal
Olina Nygård spelte ikkje sjølv fele, men var systra til ein av dei faste spelemennene i lyd og lag, Ivar Knudsen Seljeset. Han og broren emigrerte til Canada i USA.
Lina Gausemel fortel at det var vanleg at når folk møttest i ulike samanhengar, song og tralla dei for kvarandre. Kjerringane sat gjerne samla og då song &laqno;Knut-Olina» for dei andre. Elles var det vanleg at &laqno;Knut-Olina» sat ved sida av spelemennene og tralla med på slåttane når dei spelte til dans. Lina fortel også at etter gravferda til mor hennar, Synneve Seljeset, sat &laqno;Knut-Olina» på ein benk utanfor stoveveggen og song gamle songar til gravferdsfølgjet.
&laqno;Knut-Olina» etterlet seg ei bok med songar ho hadde skrive ned. Svein Nesje fortel at på sine eldre dagar rusla ho ofte opp på &laqno;Spønebakkjen», der ho seg på ein kvilestein og funderte og skreiv. Knut-Olina var mor til Lars Nygård, ein av veteranane som spela i Hornindal spelemannslag då nokre av tausene tok til å vere med i laget.
Lars Nilsen Gausemel (1887-1968), Hornindal
Lars Nilsen Gausemel reiste i sine unge dagar til USA, men kom seinare heim og overtok slektsgarden på Gausemel. Han vart seinare ordførar i bygda. Lars var felespelar, men mest til husbruk. Han var også ein drivande springardansar, og dansa mellom anna gode springarar med systera Ingeborg. Lars var far til Anna Gausemel Lunde, kjend som både dansar og folkesongar. Mykje av musikk- og dansegivnaden skriv seg nok frå bestefar til Lars, Per Solheim, også kjend som Kjellstad-Per.
Rasmus Rasmusson Vik, &laqno;Båtevikjen», (1889-1958), Hornindal.
Rasmus Vik var spelemann og småbrukar i Båtevikja i austre enden av Hornindalsvatnet. Faren, Rasmus, var snikkar og spela trekkspel. Mora, Lukris, var flink til å tralle springarar. Broren, Fredrik Wick, emigrerte til Amerika, der han vart professor i musikk. Rasmus gjekk to gongar i lære hos Gabriel Reed for å lære notar og teori, som 11-åring og som 18-åring. Då broren kom att frå Amerika ein periode og starta strykekvartett i Stryn, vart Rasmus med i denne. Samstundes gjekk han i skreddarlære hos Jakob Myklebust. Etter at han overtok garden &laqno;Båtevikja» heime i Kjøs, vart han ei drivkraft i det lokale musikklivet. Han starta Markane Songlag og tok imot elevar til note- og og songundervisning. Han hadde eigen strykekvartett, og i 1927 starta han Hornindal Hornmusikk.
Rasmus vart mykje nytta til dansespeling i Nordfjord og ofte reiste han langt for å spele i eit lag. Han brukte sykkelen som framkomstmiddel. Ein reknar med at han laga eit 50-tals slåttar og andre musikkstykke med meir klassisk preg.
Lars Hjellbakk
(1889-1976), Hornindal.
Lars Hjellbakk er eit ruvande namn i folkemusikken i Hornindal i nyare tid. Både som berar av det gamle slåttespelet, og som komponist av runddansslåttar, markerte han seg som ein tonekunstnar av format.
Den fyrste læraren i slåttespel var naboen Ole Olsen &laqno;Spelar-Ola» Hjellbakk, (1850-1936). Men dei viktigaste læremeistrane seinare vart Ola Kjellstad og gamle-Lars Thomasgaard. Lars la ofte turen innom &laqno;Tommeskaren» på veg ned til Lønje til dansespeling, for å lære nye slåttar han kunne bruke. Lars Hjellbakk var også ein flink felemakar, og laga mange gode feler, tilsaman nærare 80 instrument. Han brydde seg lite om kappleikar, og dette gjorde nok sitt til at han vart lite kjent utanom bygdene i Nordfjord og på Sunnmøre.
Ragnvald Lunde fortel: &laqno;Lars Hjellbakk spelte i mange bryllaup. Det var ei viktig inntektskjelde for spelemenn på den tid. Brudgommen skulle betale 20 kroner. Lærarane betalte 5 kroner for kvar dans - for dei hadde mest pengar!!!» Lars hadde eit typisk honndalsuttrykk i den samanheng &laqno;det var sværande vandelaust». I 1919 spelte Lars og broren Andreas i bryllaupet til Olina Lødøen og Lars Haugen. Ragnvald Lunde var 5 år og høyrde på dei. Det gjorde stort inntrykk. Lars Hjellbakk vart seinare læremeisteren til Ragnvald.
Då Hornindal Spelemannslag vart skipa var Lars Hjellbakk over 70 år, men han vart likevel med i laget. Han var ein uvurderleg sensor og læremeister dei første åra. Han kunne så mange slåttar, og han åtte eit eige drag i dansespelet som han førte vidare til spelemannslaget. Han var aktivt med til han var 80 år gamal.
I 1967 fekk Lars tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv for sitt arbeid for folkemusikken. Heimbygda heidra han med ein bauta, som står på Grodås, kommunesenteret i Hornindal.
Jon Rosenlid (1891-1974), Fjelli/Bergen
Jon Rosenlid kom frå Fjelli i Stryn kommune, og busette seg seinare i Bergen. I 1965 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin som spelemann.
Han er ein av dei første, kanskje den aller første, i Nordfjord som skifte frå vanleg fele til hardingfele. Dette skjedde i 1906-1907. Rosenlid lærte i oppveksten ein del slåttar av Magne Maurset. Han lærte også av Jens Maurseth, Ivar Kjellstad og Anders Reed. Dessutan gjekk han og lærte musikkteori og samspel av Gabriel Reed. Jon Rosenlid var gift med ei &laqno;honndalstaus», og var ofte på vitjing i Hornindal om somrane. Her vart det ofte speling. Mellom anna vitja han gjerne Lars Hjellbakk.
Einar Espe (1896-1988), Hornindal/Stryn.
Einar var frå Hornindal, men flytte tidleg til Stryn der han gifte seg med Karen Øvreset frå Nedreberg. Av yrke var han målar. I fritida var han ein ivrig felespelar og var medlem i Fjelljom spelemannslag. Arne M. Sølvberg, som i dag er leiar for spelemannslaget, skreiv ned fleire slåttar etter Einar. Arne fortel at Einar hadde mykje omgang med spelemenn frå Stryn. Han spelte mykje ilag med Jens Maurseth og Jo Øvreeide. Einar gav god respons til elevane sine om korleis dei skulle forme slåttane og var ikkje oppteken av at slåttane skulle vere reine kopiar. Dei skulle heller formast slik at dei passa spelemannen, fortel Arne.
Leif Thomasgaard
(1897-1979), Hornindal/Bergen.
Leif var son av spelemannen gamle-Lars Thomasgaard. Det var først og fremst Leif og brørne Lars og Andreas Hjellbakk som vidareførte slåttearven etter gamle-Lars. Leif skreiv ned mange slåttar etter faren og andre spelemenn i Hornindal. Samlinga inneheld også fleire av Leif sine eigne komposisjonar. Leif budde mesteparten av sitt liv i Bergen der han var løytnant i Bergen divisjonsmusikk. Ein finn mange innspelingar med Leif, blant anna i NRK sitt folkemusikkarkiv og i folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane. Spelet til Leif var reint og klårt. Han meistra dei vanskelegaste slåttane med posisjonsspel og dobbeltgrep.
Ragnvald Lunde (f.1914), Hornindal.
Ragnvald er arvtakar av gamalt honndalsspel og er eit viktig bindeledd til den yngre generasjon. Han har vore lærar for fleire av oss honndalstauser. Ragnvald var i 5-6-års alderen då han fekk ei heimegjort fele av bror sin og feleboge med tagl frå Lundeblakken. Ragnvald lærte først å spele av far sin, Matias, seinare av Lars Hjellbakk. Han har delteke aktivt på kappleikar i ei årrekkje. I spel har han brukt både vanleg fele og hardingfele. Ragnvald Lunde var musikalsk leiar i Hornindal spelemannslag i fleire år. Han er heidersmedlem i både Landslaget for Spelemenn og Hornindal Spelemannslag, og har fått Hornindal kommune sin kulturpris. I 1980 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for sitt arbeid for folkemusikken. Då var han også i audiens hos Kong Olav V. Ragnvald har laga mange slåttar, både vare lyarslåttar og friske danseslåttar.
Elling A. Seljeset d.e. (1861-1951), Hornindal.
Han vart &laqno;oppdaga» for kringkastinga av sunnmøringen og kapteinen Martin Linge. Då Elling var 78 år gamal reiste han til Oslo og song inn viser, stev og salmetonar. Opptaka er gjorde 28.-30. september 1939. Dette var den einaste gongen han song inn for Norsk rikskringkasting. Rolf Myklebust skriv i &laqno;50 år med folkemusikk»: &laqno;Opptaka er teknisk gode, og høyrer til vår nasjonalskatt i folkemusikken. Seljeset si røyst var ein fast tenor med &laqno;slagkraft», rytmisk apell og melodisk sving. I songen gav han uttrykk for eit rikt kjensleliv».
Elling A. Seljeset jr., soneson til Elling A. d.e., fortel at opptaka i studio vart gjort utan nedskrivne tekstar.
Rolf Myklebust fortel i ein folkemusikktime at Elling A. Seljeset d.e. var aktivt med i ungdomsarbeide, skreiv mykje i lagsbladet og heldt tale på møta. Han var sjølskriven føresongar og skriftlesar når det var gravferd, ved høgtider i heimane før dei reiste til kyrkje. Elling hadde ikkje nokon økonomisk vinst av songen sin. Det var vanleg at spelemennene skulle ha spelpengar, men song skulle ikkje betalast. Den einaste gongen Seljeset fekk betaling for å syngje, var då han gjorde opptak for NRK.
Kjelder:
Helge Fivelstad: Særoppgåve om folkemusikk ved Lærarhøgskulen i Bergen. 1984.
Sivert H. Geitvik: &laqno;Spelemenn». Volda 1952.
Ellef Hjellbakk / Svein Hjellbakk: &laqno;17 slåttar - Lars Hjellbakk». Sogn og Fjordane folkemusikklag. Førde 1989.
Hornindal spelemannslag: 20 års jubileumsskrift for Hornindal spelemannslag. Hornindal 1980.
Rolf Myklebust: &laqno;Femti år med folkemusikk». Oslo 1982.
Rolf Myklebust: &laqno;Slåttar i Nordfjordtradisjon», hefte 1-6. Førde 1986.
Rolf Myklebust: &laqno;Meisterspelemannen Magne Maurset». Årbok for Nordfjord 1963.
Hans Michael Seehus; ved Olav Hanssen: &laqno;Beskrivelse over Nordfjord Herred i Bergens Sticht». Firda Tidend. Sandane 1932. Manus truleg skrive i Aarhus ca. 1770.
Reidar Sevåg / Olav Sæta: &laqno;Slåtter for vanlig fele», bind 3 - Nordfjord. Universitetsforlaget. Oslo 1995.
Slektsbok for Hornindal. &laqno;Ættelister for kvar gard i bygda», utarbeidd av Knut Svaar-Seljesæter, nytt opplag omarbeidd av Paul O. Tomasgard. Hornindal 1988.
Eid og Hornindal etter Jakob Aaland: &laqno;Nordfjord frå gamledagar til no», band 2/1 Eid - Hornindalen ved Edvard Os. Oslo 1953.
Kjell Aasebøstøl: &laqno;Bygdemusikaren Rasmus Vik». Hornindal Historielag: Historisk årsskrift nr. 4. 1988. Hornindal.