| GRUPPEMELDING |
GRUPPEMELDING er ei teneste for å sende tekstmelding til dei som er innmeldt i gruppa for Førde Luftsportsklubb "FLK". Ved å sende ein melding vil alle som er medlem i gruppa motta meldinga. På denne måten kan melding om planlagt aktivitet nå ut til fleire på ein effektiv måte. Alle som er innmeldt i gruppa kan sende melding. Avsendar betalar berre for ein melding, mottakar betalar for ein melding kvar.
REGLAR:
Det skal kun sendast meldingar som er relatert til flyging. På grunn av at mottakarane betalar for meldingane dei får, må meldingane avgrensast til det vi driv med.
INNMELDING:
Send følgande tekstmelding til nummer 2030: GRFLK START. NB: Det er viktig at du sender denne meldinga frå det nummeret (telefonen) som skal motta meldingane.
UTMELDING:
Send følgande tekstmelding til 2030: GRFLK STOPP. NB: Det er viktig at du sender denne meldinga frå det same nummeret (telefonen) som gjorde innmeldinga.
SENDE GRUPPEMELDING:
Send følgande tekstmelding til nummer 2030: GRFLK "din melding........" NB: Meldinga må alltid starte med GRFLK og mellomrom før du skriv beskjeden du vil sende. Det er viktig at du sender denne meldinga frå det same nummeret (telefonen) som gjorde innmeldinga.
PRISAR:
For å sende melding - same pris som for vanlig tekstmelding frå din leverandør.
Mottak av melding frå nokon i gruppa - Kr. 1,50 pr. melding.